Alexander stansa pantebanden

Då store mengder samanklemte plastflasker kom inn gjennom pantemaskinen, skjønte Alexander Haukås at noko var feil.

Ved panteautomaten stod ein 45-åring frå Moldova og mata inn tomgods. Plastflaskene i søppelsekken han hadde med seg hadde eitt fellestrekk: Dei bar alle preg av å ha vore klemt flate.

- Eg hadde vore borti dette før. Alle flaskene var bulkete og med knust botn. Eg tok frå han sekken og pantelappen, seier Alexander Haukås (32), assisterande butikksjef ved Rema 1000 Fjøsanger i Bergen.

Pantar to gonger

Mjuke plastplasker, såkalla PET-flasker, blir trykt saman i automaten etter at dei er panta. Deretter blir dei samla saman i store sekkar, som blir sendt som returgods.

Les også

PANTESVINDEL: Ny strekkode med høyere verdi er klistret over. På denne måten har panterne sikret seg ekstra mye penger.

Pantebanden slår til igjen111

Mann og kvinne tatt med varebil full av samanpressa flasker.

Desse tomggods-sekkane har vist seg å vere ettertrakta: Dei blir stole, og flaskene retta ut igjen - truleg ved hjelp av trykkluft. Dermed kan flaskene pantast ein gong til.

Ga frå seg pengane

45-åringen frå Moldova hadde med seg ei kvinne som også hadde panta flasker sist måndag. Haukås og ein kollega følgde etter dei to etter at dei hadde forlatt butikken. I varebilen dei køyrde, låg det store mengder med bulkete og knuste flasker.

- Dei hadde 10-12 fulle søppelsekkar bak i lasterommet. Vi sa til dei at dette var ulovleg, seier Haukås. Paret gjekk med på å gje frå seg pengane dei alt hadde fått frå pantinga, og også nokre pantelappar som ennå ikkje var innløyst.

Tatt også i fjor haust

Haukås og kollegaen ringde også politiet, som kom og tok med seg begge storpantarane.

- Hos oss hadde dei berre køyrd igjennom for ca. 600 kroner. Dersom dei hadde fått panta alt, ville dei fått ut fleire tusen kroner, seier Haukås.

Dei to moldovarane var gamle kjente for politiet: I fjor haust vart dei begge varetektsfengsla222, mistenkt for å ha klistra falske pante-etikettar på tomgods.

Denne gongen var ikkje falske lappar inne biletet, og ifølgje politiet er saka denne gongen gjort opp med eit førelegg.

- Min klient har forklart at dei fann ein forlatt sekk med tomgods. Ho erkjenner at somme av flaskene måtte rettast ut, men var ikkje klar over dette var ulovleg. Ho trudde sekken var eigarlaus, seier advokat Jostein Alvheim, som forsvarer den 45 år gamle kvinna.

Siste fra Lokalt

Sein vår gav
møkk til randa

Lukta gjer at Reidar Kloster knapt får puste. Han får ikkje kvitte seg med det overfylte møkkalageret.

Slik tok han pantebanden

Då store mengder samanklemte plastflasker kom inn gjennom pantemaskinen, skjønte Alexander Haukås at noko var feil.

Lite vann, men ingen krise

Den tørre vinteren setter sine spor i vannmagasinene. Hva skjer med strømprisen?

- Samfunnet hadde stoppet uten ny bro

Endelig, sier ordførere og byråd.

Sier ja til Sotrasambandet

Regjeringen bevilger penger til sotrastrilene. Byggestart blir trolig i 2017.

o Gressbrann på Søreide

Slukket av beboer før brannvesenet var fremme.

Relaterte bilder

RINGDE POLITIET: Slik ser plastflaskene ut etter å ha vore igjennom pantemaskina hos Alexander Haukås (32) på Rema 1000 Fjøsanger. Ved hjelp av trykkluft kan dei rettast ut og pantast ein gong til - ein metode som pantebandane nyttar seg av. FOTO: Eystein Røssum

Dette deler våre lesere på Facebook:


Siste saker